Foto: Tale Hendnes

Ph.d.-prosjekt: Singularitetar og det felles delte, utforsking av authorship i dans og koreografi/ Singularities and the shared Commons, explorations of authorship in dance and choreography

Eg vil i stipendiatprosjektet arbeide med å utvikle koreografiske metodar og prosessar for bruk av arkiv i dans. Eg vil produsere ein serie nye kunstneriske arbeid forstått som singularitetar gjennom å bruke alteksisterande materiale. Prosjektet vil utforske digitale, immaterielle og personlige rørslearkiv og eksperimentere med bruk av kjelder og teknikkar for referanser i ein samtidig koreografisk praksis.

Prosjektet vil undersøke rørsle og dans som ein potensiell tinglighet. Dansekunstneren forstås som eit subjekt som kan nærme seg dansen som ein tinglighet, der den som utøver og det som utøves skiljes. Exploration / utforsking viser til arbeidsmetodar som vektlegger kroppsligjering og verdien av ei faktisk berøringsflate mellom den som utforske og det som utforskes, mellom kunstneren/forskeren som subjekt og bevegelsen/arkivet som tinglighet. Å sjå dansen som eit objekt har ei historisk forankring til både Merce Cunningham og Yvonne Rainer. Eg meiner dette vert aktualisert på nytt i dag med den veksande digitaliseringa av dansekunst, der stadig meir dansekunst vert tilgjengeliggjort i digitale arkiv. Desse arkiva og å forstå dansen som ein potensiell tingelighet produsere ein ny situasjon for koreografi, der koreografi ikkje lenger treng å omhandle innovasjon av bevegelse, men komposisjon og transformasjon gjennom å gi alteksisterande materiale nye kroppar, kroppsligheter og andre framtider og samanhengar.

Eg vil samanlikne prosessen frå arbeidet med eksisterende digitale arkiv slik som i prosjektet «Flakkanderøynd» til å utvikle metoder kring immaterielle arkiv som eksisterer fragmentert i tekster, levande kjelder, minner, bilder som prosjektet «Oppkome». Eg vil så nærme meg personlige arkiv forstått som ei systematisering av menneske sine «kvardagslige» rørsler for å bruke desse i ny koreografi. Eg er interessert i om og korleis desse ulike arkivmateriale sine opphav kan virke og gis verdi som medskapere – coauthors i ein kunstnerisk prosess.

Gjennom forskninga vil eg skape samanheng mellom bruk av kjelder i koreografisk praksis og ein teoretisk forankring av kjeldebruk. Dette opplev eg lite utvikla i norsk kontekst i dag. Det vil vere naturlig å orientere seg mot litteratur, teater og visuell kunst, som i dag har akademiske praksisar og sjølvsagte tradisjonar for kjeldebruk og intertekstualitet. Stipendiatprosjektet vil foreslå ein sterkare intertekstuell forståelse i dansekunsten; korleis nye verk skrives gjennom alt-eksisterande verk, utan at dette rokkar ved automien til nokon av dei.

Prosjektet som heilskap vil utfordre tradisjonar i dansefeltet kring historieskriving, koreografens rolle og kunstens originalitet og arbeide med å drive fram koreografiske metodar, særmerkte koreografiske manifestasjonar og teknikkar for referansebruk.